Skriving av fagtekst

(Dingemoen skule (1–7), Fjaler kommune, Sogn og Fjordane)

Fanga  av  tekst  –  i  eit  skulebibliotek  med  blikk  for den   einskilde   sine   behov   handlar   om   lesing    av fagtekst og skulebiblioteket som ressurs i tilpassa opplæring. Dingemoen skule  har  i mange år  satsa på lesestimulering og har  fast  lesetid 20 minutt  kvar dag på alle  steg. Etter  ekstern skulevurdering i 2008 fekk skulen tilbakemelding om  at  dei  burde  satse meir  på lesing  av faglitteratur.  Alle dei 14 lærarane har  delteke på det kompetansegjevande kurset ‘Lese og skrive i alle fag’ (15 studiepoeng) på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det vert  no lese svært mykje   fagtekst på skulen, og skulebiblioteket vert aktivt brukt  av lærarar og elevar.  I tillegg til at  skulen deltek  i skulebibliotekprogrammet, er vurdering eit satsingsområde.

Dingemoen  skule nyttar  skulebiblioteket som   ein  fleksibel  arena; det består både  av det  fysiske   biblioteket, mediateket og det digitale biblioteket, mellom anna ein bank med nettressursar i Fronter. Frå den fysiske boksamlinga trekkjer skulebibliotekar og  lærarar   ut  litteratur til depot  kringom i skulen, knytte  til konkrete undervisningsopplegg.  Ein viktig del  av det fleksible bibliotektilbodet står skulebibliotekaren  for. Det er avsett fast  timeressurs på 7 timar til skulebiblioteket, men skulebibliotekaren bidreg  i praksis også  ut  over denne ramma.

Samordna arbeid med lesing  og informasjonskompetanse

På alle  klassesteg er det  laga  ein plan  for utvikling av informasjonskompetanse, med  utvalde  mål  frå  LK06, og der teamleiarane skal  setje inn kva aktivitetar  dei vil gjennomføre for å nå måla.  Lærarane skal òg skrive inn i planen kva læringsarenaer dei vil nytte til sine opplegg, og skulebiblioteket er éin slik arena. Planen vert drøfta på teammøta og deretter med rektor.

Kvar lærar har  samtalar med  elevane  i si  gruppe for å kartleggje kva  den  einskilde eleven  forstår og  kan nyttiggjere seg  av det  han  eller  ho les.  Som  ein del av den  systematiske satsinga skal  også  lærarane drøfte kvar  elev med  rektor og skulebibliotekar for å avgjere kva tilbod eleven  skal  ha  vidare.  Alle lærarane skal  så informere foreldra om kvar barnet står på dette området.

Dei elevane som har behov for mest oppfølging, får tilbod om å vere  med  i ei lesegruppe. Bøkene  som  elevane i denne gruppa har  til rådvelde,  vert  òg lesne av lærar, skulebibliotekar og rektor. Det er dermed tre vaksne som kan snakke med  eleven  om boka, samstundes som  det vert  lagt  opp til samtale mellom elevane i lesegruppa. Dette gjev verdifullt  læringsutbytte; elevane  vert  vande til å målbere det dei har  opplevd og lært gjennom å lese boka, og – ikkje minst – det gjev lærar, skulebibliotekar og rektor eit inntrykk  av kva eleven har  forstått

Lærarane les  mykje   høgt,  både  i leseøktene, i vanleg undervisning og når  elevane et  maten sin.  Som  del  av satsinga på lesing  av fagtekst  er  det  ofte fagbøker som vert nytta til høgtlesing. Det gjev lærarane høve til å kome med utfyllande litteratur til tema dei held på med, og gjev grunnlag for samtalar om fagstoffet.

I medieteket lagar   skulebibliotekaren ressurshyller  på tema  som  skal gjennomgåast, med aktuelle fagbøker og skjønnlitterære bøker som kan støtte opp om fagtekstane. Hyllene vert merkte med namn  på tema,  slik at det er lett også  for dei minste  elevane  å finne  fram  til si hylle.  Ein heil vegg i medieteket er  utstillingsvegg, der  bøkene  er oppstilte  med fronten  fram i rommet. Utstillinga er ordna slik at bøkene som er lettast å lese står nedst, og så er det litteratur til å strekkje seg etter lenger oppe.

Samlingsutvikling og digital ressursbank i Fronter

Det vert  brukt  mykje  tid på samlingsutvikling, både  til å  kjøpe  inn bøker  og til å finne  elektroniske ressursar til   banken   i   Fronter.    Skulebibliotekaren   har    god oversikt  over fag-  og skjønnlitteratur for barn  og unge, og  kjøper   inn  med   elevgrupper  og  einskildindivid   i tankane. Slik vert  samlinga eit viktig verktøy  i tilpassa opplæring.  Skulen   kjøper   fleire   eksemplar  av  nokre titlar  som  dei veit fungerer godt, heller enn  å satse på mest  mogleg  forskjellig. På den måten nyttar dei og ut formidlingspotensialet som ligg i at elevar rår kvarandre til å lese  dei titlane  dei likar. Når fleire  elevar  spør  etter éi og same boka,  er  det  ikkje uendeleg lang  venteliste på ho.

Ressursbanken  i  Fronter  består av  ei  lenkjesamling ordna     på   tema,     med    fagtekstar,   skjønnlitterære tekstar, musikk,  undervisningsopplegg, lokalhistoriske ressursar og kontaktinformasjon til munnlege kjelder i lokalsamfunnet. Alle klasserom har  digitale  tavler,  slik at ressursbanken kan nyttast til samla aktivitet i klassen. Tavlene   kan  òg  nyttast til  formidling   av  elektroniske tekstar generelt.

Faste treffpunkt om lesing og bruk av informasjonskjelder

Skulen  legg  stor vekt  på felles  møtestader i samordna arbeid   med  leseopplæring og  informasjonskompetanse. Med  felles   møtestader  meiner  dei  faste   treffpunkt  for lærarar, skulebibliotekar og rektor, der dei kan planleggje opplegg,  drøfte  kva utfordringar den  einskilde eleven  har, og avgjere kva tiltak som bør setjast inn.

Dingemoen skule gjennomførde i april  2011 eit todagars opplegg basert på boka Sov søtt, herr Spiss av Erna Osland. Målet var å lære meir  om skriving  av fagtekst.

Oslands bok handlar om svevn, og er fagtekst og skjønnlitterær forteljing i eitt.
Alle klassestega brukte tid på å gjennomgå boka i forkant av opplegget.

Ressursside:
> Skole i praksis, film om fagskriving frå Dingemoen skule
> Skrivesenteret: Skriving av fagtekst i naturfag (film)

Til toppen