Idésamling om læringsstrategiar

(Bud barne- og ungdomsskule (1-10), Fræna kommune, Møre og Romsdal)

Bud barne- og ungdomsskule har utarbeidd undervisningsopplegg for oppøving av læringsstrategiar og informasjonskompetanse. Idésamlinga dekkjer heile spennet 1-10, og ligg på skulen sin nettstad.

Buds utviklingsprosjekt i Program for skulebibliotekutvikling (2009–2010) handla om å integrere bibliotekbruk i undervisningsopplegg for 6., 7. og 8. klassesteg. Opplegga gjekk ut på å nytte trykte og digitale leksika, vurdere fagbøker og løyse søkjeoppgåver med utgangspunkt i kompetansemål for faga. Skulen kom langt i å planleggje og gjennomføre prosjekt med skulebiblioteket i fokus. Men skulebibliotekaren og dei involverte lærarane observerte at elevane ikkje greidde å nytte biblioteket på ein målretta måte, mykje fordi dei mangla gode læringsstrategiar. Erfaringane danna grunnlag for ein ny prosjektperiode, der utvikling av læringsstrategiar og informasjonskompetanse vart hovudmål.

I andreårsprosjektet sitt (2010–2011) ynskte skulen å vidareutvikle biblioteket som læringsarena og å styrkje samarbeidet mellom skulebibliotekaren og lærarane. Prosjektet byggjer på føresetnaden at å meistre læringsstrategiar er grunnleggjande for å kunne bruke bibliotek og informasjonskjelder på ein god måte.

Dokument og oppgåver frå Bud skule,6. trinn (Nettavis):

Artikkel om Bud skule:
Bud skule sitt prosjekt i
Program for
skulebilbiotekutvikling
2010–2011

 

Til toppen