Forside » 1.–4. trinn » Undervisningsopplegg » Detektivarbeid i fortidas fotspor

Detektivarbeid i fortidas fotspor

Årstrinn: 1.–4.
Tema/tittel: Detektivarbeid i fortidas fotspor
Fag: Samfunnsfag (Historie)
Kompetansemål
Samfunnsfag (Historie)
  • presentere historiske emne ved hjelp av skrift, teikningar, bilete, film, modellar og digitale verktøy
  • skape forteljingar om menneske i fortida og snakke om skilnader og likskapar før og no
  • utforske kjelder og bruke dei til å lage etterlikningar av gjenstandar frå fortida
  • kjenne att historiske spor i sitt eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke
Planlegging og gjennomføring
I dette opplegget skal elevane arbeide med fleire ulike kjelder. Undervisninga startar med ei fellesøkt som tek utgangspunkt i ein bildeserie/digital presentasjon som læraren gjer tilgjengeleg (sjå under). Presentasjonen endar opp i eit bilde av eit postkort med ei kort helsing. Dette skal elevane bruke som grunnlag for vidare arbeide vidare på eigen hand. Elevane skal finne ut meir om kva postkortet fortel og kven det er frå. Dei må først formulere ei problemstilling og bestemme seg for kor dei skal begynne å leite etter informasjon. Dersom dei ynskjer det, kan dei samarbeide, men innleveringsoppgåva er individuell. I tillegg til å skrive ein tekst om kva eleven meiner kan liggje bak helsinga på postkortet, skal elevane forklare kva kjelder dei har brukt, og kvifor dei har valt desse. Læraren/skulebibliotekaren samlar elevane undervegs for å samtale om kva kjelder dei treng, korleis dei skal finne dei, og korleis dei skal vurdere dei.

Fasane i arbeidet:

Bilde 1 – Ein gamal gard
Læraren: Tenk dykk at vi er på tur og kjem over denne fråflytta garden. Det er spennande å utforske slike plassar, så vi tek oss tid til å sjå oss rundt. Trur de det går an å finne ut korleis menneska som ein gong budde her hadde det? Korleis? Kva er det som kan hjelpe oss på sporet?

Elevane kjem med framlegg til potensielle kjelder.

Bilde 2 – Dokumentbunke, bok, datamaskin, forstørringsglas, bilde, ein gamal sko osv.
Læraren: Flott! De nemnde mange lure ting. Vi kan finne gjenstandar, vi kan sjekke i bøker eller aviser og på Internett, vi kan sjå på gamle bilde eller spørje nokon osv.

Bilde 3 – Hovudtittel på bildet er Kjelder, med to undertitlar over kvar si avdeling: Skriftlege og Ikkje-skriftlege. Elles dei same elementa som på førre bilde.
Læraren: Alle desse hjelpemidla kan altså vere viktige verktøy når vi skal finne ut av ting som skjedde i fortida. Vi kallar dei for kjelder og skil gjerne mellom skriftlege og ikkje-skriftlege kjelder. Kanskje de klarar å sortere kjeldene vi nett nemnde?
Elevane og læraren plasserer saman alle kjeldetypane i rett kategori.

Bilde 4 – Helleristningar
Læraren: Er dette ei kjelde? (Ja). Skriftleg eller munnleg? (Litt begge delar, fordi den vart laga før skrifta vart funnen opp og fordi den fungerte som ein slags skrift på denne tida.) Har de sett slike helleristningar før? Kva kan dei fortelje oss?

Bilde 5 – Arkeologisk utgravingsfelt
Læraren: Nokre kjelder må vi grave ganske djupt etter. Og når vi leiter under jorda etter vitne frå fortida, kallar vi det for utgraving.

Bilde 6 – Osebergskipet
Læraren: Er vi heldige, kan vi finne ganske store og flotte ting, som her ved Tønsberg i Vestfold. Der er det funne eit heilt vikingskip, Osebergskipet, som nok har vore grava til ei viktig og velståande kvinne. Oppi skipet fann ein beinrestar etter to kvinner, fleire hesteskjelett, senger, vogner, sledar, kjøkken- og gardsreiskapar – alt ein trudde at kvinnene ville få bruk for i dødsriket.

Bilde 7 – Pompeii
Læraren: Ein kan finne heile ruinbyar, som den gamel romerske byen Pompeii. Denne byen vart dekt av sju meter oske frå utbrotet til vulkanen Vesuv i år 79. 2000 av dei ca 20 000 innbyggjarane mista livet. Slike funn fortel utruleg mykje om livet i gamle dagar.

Bilde 8 – Rekonstruert dinosaurskjelett
Læraren: Andre stader har ein funne restar etter utdøydde dyr. Dette skjelettet av ein bracciosaurus vart funne i Aust-Afrika, og er i dag utstilt i De naturhistoriske samlingar i Berlin (den tyske hovudstaden).

Bilde 9 – Arkeolog i arbeid
Mange funn frå langt tilbake i tid er veldig skøyre og må behandlast svært forsiktig når dei vert gravne ut, slik at dei ikkje smuldrar opp når dei kjem i kontakt med luft og sollys. Er det nokon som veit kva vi kallar folk som leiter og grev etter spor frå fortida?

Bilde 10 – Overskrift: Hugsar du nokre av dei nye orda?
Tekst:
  • Kva kallar vi ting som fortel om fortida? (Kjelder)
  • Kva heiter dei to gruppene vi kan dele kjelder inn i? (Skriftlege og ikkje-skriftlege)
  • Kva kallar vi dei som leiter etter gamle ting for å lære om fortida? (Arkeologar)
  • Læraren og elevane har ei oppsummerande samtale med bakgrunn i spørsmåla på bildet.

Bilde 11 – Postkort med norsk eller engelsk tekst. Med kort helsing, dato og stad.
Læraren: Er dette ei kjelde? Munnleg eller skriftleg? Postkortet er utgangspunkt for ein klassesamtale (finn ut i fellesskap kva bildet fortel) og for individuelt arbeid med ein tekst om kva som kan vere bakgrunnen for at kortet vart sendt.

Vurdering
Ved sida av dei faglege kompetansemåla skal læringsmål for informasjons-kompetanse etter 3.–4. trinn vere med i vurderinga.
Kjelder og vedlegg
Kjelder:
Supplerande opplegg/oppgåver:

Til toppen