Edderkoppar

Årstrinn: 3.–4.
Tema/tittel: Edderkoppar
Fag: Naturfag
Kompetansemål
Naturfag:
  • innhente og systematisere data og presentere resultatene med og uten digitale hjelpemidler
  • bruke naturfaglige begreper til å beskrive og presentere egne observasjoner på ulike måter
  • samtale om livssyklusen til noen plante- og dyrearter
  • bruke naturfaglige begreper til å beskrive og presentere egne observasjoner på ulike måter
Norsk:
  • finne opplysninger i en sammensatt tekst ved å kombinere ord og illustrasjon
Grunnleggande ferdigheiter for grunnskolen:
Naturfag –
  • Å kunne lese i naturfag dreier seg om å samle informasjon, tolke og reflektere over innholdet i naturfaglige tekster, brosjyrer, aviser, bøker og på Internett. Lesing i naturfag innebærer også lesing av bruksanvisninger, oppskrifter, tabeller, ulike diagrammer og symboler.
Planlegging og gjennomføring
Mål til fagleg innhald:
  • Eleven skal kunne namn på ulike edderkoppar
  • Eleven skal kunne fortelje om edderkoppane
  • Eleven skal kunne namn på dei ulike delane av ein edderkopp
  • Eleven skal kunne fortelje om kva funksjon dei ulike delane har
Opplegget har følgjande fasar:
Kva kan elevane om edderkoppar frå før
  • Laga tankekart på fliopverark som vert hengt opp framme ved tavla
  • Elevane får 5 minutt til å skriva ned det dei veit om edderkoppar
  • Læraren fører inn på tankekartet det elevane har notert
Dei ulike kroppsdelane på ein edderkopp
  • Bruk boka Edderkopper av Dagny Holm
  • Del klassen inn i grupper
  • Kvar gruppe skal læra om ein av kroppsdelane. Det er viktig at alle deltakarane i gruppa kan fortelje om kroppsdelen gruppa har fått
  • Gruppene vert så oppløyste og sette saman slik at alle «kroppsdelane» er representerte i gruppa
  • Den einskilde gruppedeltakar skal læra dei andre i gruppa om ‘sin’ kroppsdel
  • Ut frå dette arbeidet skal elevane individuelt skriva ein faktatekst om edderkoppkroppen
Ulike typar edderkoppar
  • Elevane les om edderkoppar på Internett og i faktabøker
  • Kvar elev vel ein av desse edderkoppane: dvergedderkopp, ulveedderkopp, krabbeedderkopp, spytteedderkopp, krossedderkopp, hoppeedderkopp
  • Kvar elev lagar ein digital presentasjon med tekst og bilete av ‘sin’ edderkopp
  • Eleven framfører presentasjonen for ei gruppe elevar
  • Gruppa gir respons på framføringa
Vi tel edderkoppnett ein tidleg morgon
  • Elevane går ut for å finne og registrere edderkoppnett
Vi lagar edderkoppterrarium
  • Klassen blir delt inn i grupper
  • Kvar gruppe får eit eigna kar (akvarium, gjennomsiktig plastkar el.l.) til å lage eit lite terrarium
  • Elevane lagar si eiga underoverskrift i arbeidsboka under hovudtittelen Edderkoppterrarium
  • Elevane bruker oppslagsbøker og andre fagbøker for å finna ut kva for edderkoppar dei har fanga
  • Elevane observerer og skriv dag for dag. Dersom det har skjedd noko i terrariet – kvifor?  Dersom det ikkje har skjedd noko – kvifor ikkje?
Andre aktivitetar
  • Laga edderkoppnett og edderkoppar av piperensarar ved å følgje ei oppskrift anten på papir eller ved å sjå på ein demonstrasjonsvideo (engelsk tale).
Vurdering
Ved sida av dei faglege kompetansemåla skal læringsmål for informasjons-kompetanse etter 3.–4. trinn vere med i vurderinga.
Kjelder og vedlegg

Til toppen