Eventyr

Årstrinn: 1.–2.
Tema/tittel: Eventyr
Fag: Norsk
Kompetansemål
Norsk
  • samtale om personer og handling i eventyr og fortellinger
  • bruke enkle strategier for leseforståelse
Planlegging og gjennomføring
Opplegget har som mål at elevane skal lære nokre typiske trekk for eventyr, og at dei skal kunne systematisere kunnskapen og formidle den munnleg.

  • Klassen les to eventyr saman, og samtaler deretter om tekstane: Kva er karakteristisk ved dei to eventyra? Lærar og elevar set opp punkta dei kjem fram til i eit tokolonnenotat på tavla.
  • Elevane skriv ned det dei kan om dei to eventyra og systematiserer det i tre-kolonnenotat eller venndiagram. Dei skal altså finne spesielle trekk ved kvart eventyr samt setje opp kva som er fellestrekk.
  • Klassen drøftar deretter kva som kjenneteiknar eventyr generelt. Læraren trekkjer inn andre eventyr som kan samanliknast med dei to som klassen har lese.
  • Klassen lagar i fellesskap trekolonnenotat/Venndiagram basert på arbeidet som er gjort individuelt og i samla klasse.
  • Opplegget kan vidareførast ved at klassen ser film basert på eventyr, til dømes Ivo Caprino sine eventyrfilmar. Elevane noterer typiske sjangertrekk når dei ser film, og klassen drøftar desse i etterkant.
Vurdering
Ved sida av dei faglege kompetansemåla skal læringsmål for informasjons-kompetanse etter 1.–2. trinn vere med i vurderinga.
Kjelder og vedlegg
Støtteark for lærar:

Til toppen