Forside » 1.–4. trinn » Undervisningsopplegg » Gjere, lære, oppleve – eit sjangerprosjekt

Gjere, lære, oppleve – eit sjangerprosjekt

Årstrinn: 3.–4.
Tema/tittel: Gjere, lære, oppleve – eit sjangerprosjekt
Fag: No, Samfunnsfag, RLE
Kompetansemål
Norsk
  • lese skjønnlitteratur og fagtekster for barn med flyt, sammenheng og forståelse
Samfunnsfag
  • gje att mytar, segner og eventyr med historisk innhald
RLE, Grunnleggende ferdigheter
  • Å kunne lese i RLE innebærer å oppleve og forstå tekster. Lesing brukes for å innhente informasjon, tolke, reflektere over og forholde seg saklig og analytisk til fortellinger og fagstoff i så vel tradisjonell som multimedial formidlingsform.
Planlegging og gjennomføring
Elevane skal lese og verte kjende med ulike sjangrar: faktatekstar, dikt, teikneseriar, fantasy, eventyr og fablar. Dei skal òg sjå film, til dømes filmatiserte eventyr.
I opplegget skal følgjande læringsstrategiar integrerast:

  • Tankekart
  • Strukturert tankekart (systematisere kunnskap)
  • Lesestrategiar (lære, gjere, oppleve)
  • Styrkenotat

Elevane får utdelt eit arbeidsark kvar, med ein sirkel som er delt opp i sektorar, ein sektor for kvar sjanger og ein for oppgåver i biblioteket. Kvar sektor er igjen delt opp i felt. Når ein elev har lese ei bok eller løyst ei oppgåve skal ho eller han fargeleggje eit felt under rett sjanger. Det elevane les skal òg førast opp i ein logg.

  • Teikneserie: Lese ein teikneserie, fargeleggje rett felt på arbeidsarket.
  • Eventyr: Lese eit eventyr, fargeleggje rett felt.
  • Faktabok: Lese ei faktabok, lage eit tankekart og eventuelt eit styrkenotat frå det ho eller han har lese, og deretter fargeleggje feltet under faktabøker.
  • Dikt: Lese ei bok med dikt, fargeleggje feltet under dikt. Velje ut eit dikt og skrive det på datamaskina.
  • Fantasy: Lese ei fantasybok, skrive bokmelding og deretter fargeleggje eit felt under fantasy.
  • Film: Sjå film og fargeleggje eit felt under film.
  • Bibliotekoppgåver: Undersøkje nokre bøker og bestemme korleis bøkene kan brukast (lære, gjere eller oppleve).

Klassen drøftar tekstar innanfor kvar sjanger undervegs, og lagar eit tankekart over alle sjangrane.

Vurdering
Ved sida av dei faglege kompetansemåla skal læringsmål for informasjons-kompetanse etter 3.–4. trinn vere med i vurderinga.
Kjelder og vedlegg
Arbeidsark:

Til toppen