Vi lever av kunnskapen

(Bergsøy skule (1–7), Herøy kommune, Møre og Romsdal)

‘Vi lever av kunnskapen’ er prosjekttittelen til Bergsøy skule. Det er ei god læresetning i ein kommune med offshore og fiskeri som viktige element i næringslivet. Skulen sin visjon er at skulebiblioteket skal bli ein læringsarena i fleire fag, der elevane opparbeider seg god informasjonskompetanse. Det vil dei dra nytte av, uansett vegval vidare

I prosjektet det første året laga Bergsøy skule eit opplegg i bibliotekkunnskap og informasjonskompetanse, der dei mellom anna tok opp følgjande tema:

♥ Alfabetisering
♥ Katalogsøk
♥ Innhaldsliste
♥ Stikkordregister
♥ Nettsøk
♥ Kildekritikk
♥ Nettlesing

Opplegget var svært vellukka. Elevane sin bibliotekkunnskap auka merkbart. Og opplegget har blitt vidareført og utvida for  5. og 6. trinn dette skuleåret.
Neste skuleår er planen å lage og gjennomføre opplegg også for 1., 2., og 7. trinn.

Bergsøy skule har faste prosjekt på kvart trinn kvart år. Prosjekta skal gi elevane trening i å lage problemstilling, søkje informasjon, bearbeide informasjonen og presentere den for andre. Frå 3.trinn har elevane undervisning i informasjonskompetanse med skulebibliotekaren.  Desse prosjekta vert gjennomførte:

  • 1. og 2. trinn: Livet i fjøra
  • 3.trinn: Fisk/fiskeri i Herøy
  • 4.trinn: Offshoreverksemd.
  • 5.trinn: Fuglane på Runde. Næringsgrunnlaget i havet
  • 6.trinn: Frå padleåre til joystick eller Frå stokkebåt til x-bow. Utvikling av båtar gjennom tidene.
  • 7.trinn: Energi med hovudvekt på olje- og offshoreverksemda (frå 2014 )

Framgangsmåten dei bruker tek utgangspunkt i Elisabeth Tallaksen Rafste sin tentative modell for undervisning i informasjonskompetanse, henta frå boka ‘Opplevelse, oppdagelse og opplysning’  (2008, s 135), Oslo : Biblioteksentralen).

(Illustrasjonen her er henta frå artikkel skriven av Siri Ingvaldsen i heftet ‘Lesing i skolebiblioteket’ (2010). Stavanger : Lesesenteret.)

Bergsøy skule seier dette om sine erfaringar med bruk av modellen:

‘Vi har har endra litt på rekkefølga og har sett punkta 5 og 6 i den opprinnelege modellen øvst på lista i vår.
Vi begynte med 3. og 4. trinn i fjor. Vi ville at alle skulle vere på nokolunde same nivå med omsyn til bibliotekkunnskap, informasjonssøk og kjeldebruk før vi begynte på prosjekta om fiskeri og offshore. Alle skulle kunne finne fram i biblioteket, finne fram i ei fagbøk og kunne søke på nett.
Erfaringa vår no viser at 3.trinn er eit fint trinn å begynne med.
Elevane har ulike erfaringar med å bruke internett. På skulen får dei eit felles utgangspunkt og lyst til å utforske.

I år har vi utvida informasjonssøk og kjeldekritikk til 5. og 6.trinn. Skulebibliotekaren bruker Infojakten som ein disposisjon for å vise elevane kva vi arbeider med, frå å finne fram i skulebiblioteket ( som vi har gjort i fleire år ) til å finne informasjon på nettet, drive kjeldekritikk og lære litt om opphavsrett.
Punkta 7 og 8 i utgangspunktet har vi gjort til punkt 2 i Bergsøy skule sin modell

Opplæring og rettleiing

♥ i bruk av innhenta informasjon
♥ i presentasjon av arbeidet

Dette er ansvarsområdet til læraren. Elevane skal bruke læringsstrategiar når dei har funne informasjon, anten i faktabøkene eller på internett. Elevane skal gjere informasjonen om til eigen kunnskap ved hjelp av læringsstrategiar. Lærarane må vere klare på kva for læringsstrategiar dei vil bruke i prosjektet og bevisstgjere elevane på at dei skal bruke dei i arbeidet. Dei eldste elevane skal også notere etterkvart i den faglege introduksjonen.
Lærar må også bestemme kva for presentasjonsform (helst digitalt) elevane skal bruke og ha opplæring i det.
Det å ha opplæring før prosjektarbeidet, gjer at elevane arbeider meir målretta. Elevane våre er blitt flinke til å bruke faktabøker. Dei ser at mange av tekstane som dei finn på nettet er for vanskelege og vel ofte bøker i stadenfor skjermtekstar.

Planlegging av eit elevaktivt og undersøkande arbeid.
Lærarane og skulebibliotekaren planlegg sjølve prosjektet i lag. Skulebibliotekaren informerer om det elevane har lært i bibliotek- og datatimane slik at lærarane kan følge opp. Læringsstrategiar og presentasjonsform blir bestemt. Skulebibliotekaren finn fram tekstar i bøker og på nett. Vi må heile tida halde fokus på at elevane skal kunne bruke det dei har lært og vi må legge til rette for det.’

Filer:
> Bergsøy skule modell for opplæring i informasjonskompetanse(pdf)
Bergsøy skule info komp-plan (pdf)
Bergsøy skule fiskeriprosjekt (pdf)
Bergsøy skule offshoreprosjekt (pdf)

Litteratur:
Hoel, T., Rafste, E. T. og Sætre, T. S. (2008): ‘Opplevelse, oppdagelse, opplysning: fagbok om skolebibliotek’.  Oslo: Biblioteksentralen.

Til toppen