Forside » 5.–7. trinn » Undervisningsopplegg » Flyktning i Europa

Flyktning i Europa

Årstrinn: 5.–7. trinn
Tema/tittel: Flyktning i Europa
Fag: Samfunnsfag, Norsk
Kompetansemål
Samfunnsfag
  • registrere flyktningstraumar, forklare kvifor somme rømmer frå heimlandet sitt, og drøfte korleis det kan vere å kome til eit framandt land som flyktning
Norsk
  • bruke erfaringer fra egen lesing i skjønnlitterær og sakspreget skriving
  • bruke oppslagsverk og ordbøker bruke bibliotek og digitale informasjonskanaler på en målrettet måte
Planlegging og gjennomføring
Ei skjønnlitterær forteljing dannar utgangspunkt for opplegget, t.d. boka Albin Prek av Ingeborg Kringeland Hald (Mangschou, 2010). Læraren og elevane samtalar om Albins historie. Korleis er det å måtte flykte frå heimstaden sin? Kva kunne dei ta med seg? Visste dei kor dei skulle?
Klassen deler seg i grupper på 2–4 elevar. Gruppene skal ta utgangspunkt i ei forteljing, anten boka som er presentert innleiingsvis, eller ei dei finn fram til sjølve.
Alle elevane les eit tekstutdrag, og dei skal bruke teksten i det dei seinare skriv om emnet dei har valt. Elevane skal nytte trykte og nettbaserte kjelder i arbeidet, og dei skal skrive ein tekst som inneheld sjangergrep både frå skjønnlitteratur og sakprosa. Kvar gruppe finn fram til ei førebels problemstilling i lag med læraren. Skulebibliotekaren samlar deretter alle gruppene til ei økt om søk og bruk av kjelder.
Kvar kan dei finne informasjon om emnet dei skal undersøkje? Veit skulebibliotekaren om gode nettstader? Kva med bøker: Har skulen faglitteratur om det dei skal undersøkje? Har folkebiblioteket eller fylkesbiblioteket noko som dei kan låne?
Dei snakkar òg om kjeldevurdering: flyktningespørsmålet er det mange syn på. Kva må dei vere merksam på når dei brukar dei ulike kjeldene dei har funne? Etter gjennomgangen i plenum har skulebibliotekaren møte med kvar gruppe. Dei ser om det finst relevante og truverdige kjelder som kan belyse den konkrete problemstillinga gruppa har valt. Kanskje må gruppa justere problemstillinga i samråd med læraren.Elevane arbeider i grupper når dei gjennomgår kjeldene og drøfter korleis dei kan gje svar på problemstillinga. Det skriftlege arbeidet skal gjerast individuelt, men undervegs i skriveprosessen presenterer elevane tekstane sine for kvarandre. Læraren eller skulebibliotekaren er med gruppene under desse presentasjonane, og syter for at det vert ein fruktbar diskusjon om dei einskilde tekstane.
Vurdering
Ved sida av dei faglege kompetansemåla skal  læringsmål for informasjons-kompetanse etter 5.– 7. trinn vere med i vurderinga.
Kjelder og vedlegg
Kjelder:
Supplerande opplegg/oppgåver:

Til toppen