Forskarspiren

Årstrinn: 5.–7. trinn
Tema/tittel: Forskarspiren
Fag: Norsk, Naturfag
Kompetansemål
Norsk
  • lytte til andre, uttrykke og grunngi egne standpunkter og vise respekt for andres
  • uttrykke egne opplevelser av og begrunne egne synspunkter på leste tekster
  • presentere egne leseerfaringer fra skjønnlitteratur og fagbøker skriftlig og muntlig
  • forstå, tolke og sammenholde opplysninger fra flere uttrykksformer i en sammensatt tekst
Naturfag
  • formulere spørsmål om noe han eller hun lurer på, lage en plan for å undersøke en selvformulert hypotese, gjennomføre undersøkelsen og samtale om resultatet
Planlegging og gjennomføring
Opplegget skal øve opp forskarånd, sjangerkunnskap og evne til å samanfatte og presentere det ein har funne ut om ei problemstilling. Elevane les først ei bok som har både fag- og skjønnlitterære trekk. Dei skal deretter forske på temaet som boka tek opp ved å bruke munnlege, skriftlege og/eller digitale kjelder.

Døme på bøker som kan danne utgangspunkt for prosjektet:

Sov søtt, herr Spiss av Erna Osland (Mangschou, 2010). Om korleis dyra søv, og kvifor dei søv slik.
Gjøken
av Bjørn Arild Ersland (tekst) og Hilde Kramer (bilde) (Mangschou, 2011). Om korleis gauken lever, sett i forhold til andre fugleartar.

  • Heile klassen les same boka, og læraren brukar god tid på å lese og samtale med klassen om teksten.
  • Skulebibliotekaren finn fram andre tekstar (bøker, artiklar, nettsider) om same eller liknande emne, og saman går læraren og skulebibliotekaren gjennom korleis ein kan bruke ulike typar kjelder når ein skal forske på eit tema.
  • Idémyldring i samla klasse: lærar, skulebibliotekar og elevar drøftar kva spørsmål ein kan stille seg om det dei nett har lese. (I dømet om søvn: Korleis søv du? Korleis søv foreldra dine? Søskena dine? Korleis søv hunden din?)
  • Klassen vert delt inn i grupper som kvar får eitt av spørsmåla å arbeide med.
  • Gruppene formulerer problemstilling i samråd med lærar,
  • Saman med skulebibliotekaren skal kvar gruppe bestemme kva kjelder som kan vere aktuelle. Dei skal òg diskutere kva ein må passe på når ein bruker bestemte typen kjelder og snakke om korleis dei kan oppgje kjeldene dei bruker.
  • Elevane går i gang med undersøkinga. Dei kan til dømes intervjue kvarandre, foreldre, søsken eller andre grupper i nærmiljøet, eller lage ei spørjeundersøking i ein annan klasse. Samstundes skal dei leite fram fagbøker og nettsider om temaet. Skjønnlitteratur kan òg nyttast, men då medvete for å finne svar på problemstillinga.
  • Kvar gruppe skriv ein fagtekst om kva dei har funne ut. Teksten skal presentere problemstillinga, seie noko om kva metode og kjelder som vart brukte og innehalde ein tydeleg konklusjon. Ei kjeldeliste må følgje med. Elevane skal òg skrive kort om korleis dei fann fram til kjeldene og korleis dei vurderte dei.
Vurdering
Ved sida av dei faglege kompetansemåla skal  læringsmål for informasjonskompetanse etter 5.– 7. trinn vere med i vurderinga.
Kjelder og vedlegg
Kjelder:
Supplerande opplegg/oppgåver:

Til toppen