Nettavis

Årstrinn: 5.–7. trinn
Tema/tittel: Nettavis
Fag: Norsk
Kompetansemål
Norsk
Muntlige tekster
  • Lytte til andre, uttrykke og grunngi egne standpunkter og vise respekt for andre
Skriftlige tekster
  • Presentere egne leseerfaringer fra skjønnlitteratur og fagbøker skriftlig og muntlig
  • Bruke digitale skriveverktøy i skriveprosesser og i produksjon av interaktive tekster
Sammensatte tekster
  • Lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy
Planlegging og gjennomføring
Gjennom lesing og munnleg og skriftleg produksjon skal elevane uttrykke eigne og andre sine leseerfaringar.
Følgjande læringsstrategiar skal integrerast i opplegget:
  • Nøkkelord
  • Tankekart
  • Biodikt
  • Bibliotekaren presenterer bøker i biblioteket. Elevane vel bok til eiga lesing. Dei skal lese heime minst 20 minutt kvar dag.
  • Lærar repeterer tankekart og går gjennom korleis eit biodikt skal byggast opp (vedlegg 1). Elevane lagar tankekart om seg sjølve og skriv biodikt.
  • Elevane lagar tankekart om hovudpersonen i boka dei les, og skriv biodikt om han/ho.
  • Læraren går gjennom kva ein forfattarbiografi skal innehalde.
  • Elevane leiter på Internett etter opplysningar om ein forfattar dei vil skrive om. Dei skriv nøkkelord og organiserer opplysningane i tankekart. Vidare skriv dei ein forfattarbiografi, finn bilete til og legg arbeidet på nettavisa.
  • Læraren går gjennom reglane for intervju. Elevane gjennomfører intervju og legg ut intervjuet på nettavisa.
  • Læraren og elevane lagar spørsmål saman til ei spørjeundersøking om bøker og lesing som vert delt ut til andre klassar. Resultatet vert samanfatta, bearbeidd i Excel eller anna verktøy, diskutert i klassen og deretter lagt ut på nettavisa.
  • Elevane leiter heime etter utklipp om bøker og forfattarar, tek med på skulen og lagar veggavis.
  • Arbeidet vert avslutta med ei felles oppsummering der elevane, læraren og bibliotekaren deltek.
Vurdering
Ved sida av dei faglege kompetansemåla skal  læringsmål for informasjons-kompetanse etter 5.– 7. trinn vere med i vurderinga.
Kjelder og vedlegg
Vedlegg:
Supplerande opplegg/oppgåver:

Til toppen