Verdsrommet

Årstrinn: 5.–7. trinn
Fag: Naturfag, norsk
Tema/tittel: Verdsrommet
Kompetansemål
Norsk
  • gjennomføre   enkle foredrag, presentasjoner, tolkende opplesing, rollespill og   dramatisering, tilpasset ulike mottaker
Naturfag
  • beskrive   universet og ulike teorier for hvordan det har utviklet seg
  • presentere hovedtrekk i romfartens historie og samtale om forskning som kartlegger muligheter for liv på andre planeter
Planlegging   og gjennomføring
I norskfaget skal elevane lage ei forteljing for ei definert målgruppe, til dømes yngre medelevar eller foreldra.
Forteljinga skal handle om kva universet består av og korleis det kan ha utvikla seg, og elevane skal trekkje inn det dei har lært om emnet i naturfag.
Dei skal i samråd med læraren utforme ei problemstilling som historia skal krinse om, men dei vel sjølve om det skal vere ein rein fagtekst eller ein tekst med innslag av fiksjon.I naturfag skal elevane finne fram til og gjere greie for ulike teoriar om universet. Undervisninga vekslar mellom eige arbeid med informasjonssøking, diskusjon i klassen og skriving av korte notat. Notata dannar grunnlag for den større teksten dei skal skrive i norskfaget.
Læraren samtalar med elevane om tema som dag og natt, sol- og måneformørking, årstider, avstand og reisetid i vårt solsystem.
Vurdering
Ved sida av dei faglege kompetansemåla skal  læringsmål for informasjons-kompetanse etter 5.– 7. trinn vere med i vurderinga.
Kjelder   og vedlegg
Oppgåver  til elevane:

Til toppen