Fokus på informasjonskompetanse
(Vågå ungdomsskule (8–10), Vågå kommune, Oppland)

Skulebiblioteket ved Vågå ungdomsskule er godt forankra i skulen, både fysisk og organisatorisk . Skulen har dei siste åra likevel sett at endringar i teknologi og informasjonsflyt gjer at dei må tenkje nytt, også om skulebiblioteket og om utvikling av informasjonskompetanse. Ein ståstadsanalyse som skulen gjennomførte i lærarkollegiet i 2011, synte at elevane mangla kunnskap og trening i å bruke den informasjonen dei fann digitalt. Arbeidet i Vågå ungdomsskule sitt prosjekt i Program for skulebibliotekutvikling 2010–2012 har difor hatt fokus på informasjonskompetanse og bruk av det digitale skulebiblioteket.

Eit viktig mål i prosjektet var at lærarane skulle få høve til å utvikle eigen informasjonskompetanse, slik at dei kunne rettleie elevane i informasjonssøk og kjeldekritisk tenking. For leiinga var det viktig å få på plass eit endå meir systematisk og forpliktande samarbeid mellom skulebibliotekar og faglærarar.

Planar og dokument frå Vågå ungdomsskule:
> Vågå kommune – Plan for leselyst og skriveglede (pdf)

Artiklar om Vågå ungdomsskule:
> ‘Lærelyst og leseglede i skolebiblioteket’,  UiA publikasjon 2012
> Vågå ungdomsskule sitt prosjekt 2010–2011 i Program for skulebibliotekutvikling
> Vågå ungdomsskule sitt prosjekt 2011–2012 i Program for skulebibliotekutvikling

Presentasjon:
> Vågå ungdomsskule presentasjon konferanse Kristiansand 05.06. 2012 (pdf)

Video:
> ‘Informasjonskompetanse i fokus’: Foredrag av Lene Andersen-Gott på samling i Nettverk for skolebibliotek og læremidler 23.10. 2013.

 

Til toppen