Søk og finn
(Volda ungdomsskule (8–10), Volda, Møre og Romsdal)

Volda ungdomsskule har i perioden 2011–2013 vore prosjekt- og ressursskule i Program for skulebibliotekutvikling. I løpet av denne perioden har skulen utvikla biblioteket til å verte ein myke brukt arena både for læring og som møteplass i så vel timeplanfesta tid og i timar med opent bibliotek.

Skulens årshjul for bruk av av skulebiblioteket lettar arbeidet med å gjere det integrert i og samordna med års- og halvårsplanane til alle stega på skulen.

I utviklingsprosjektet Volda ungdomsskule satsa spesielt på kjeldebruk. I eit opplegg som skulen har kalla Søk og finn gjev skulen alle nye elevar opplæring i bruk av biblioteket i eit kurs over to timar i kjeldesøk, kjeldekritikk og kjeldetilvisning. I Søk og finn arbeider elevane i halv klasse med oppgåver som krev søk i både digitale og trykte kjelder. Hovudmåla for opplegget er å lære elevane å skilje mellom nyttig og unyttig informasjon og få dei til å setje saman informasjonsdelar til eigen kunnskap.
Lærarane på årsstega har kontinuerlig samarbeid i samband med utarbeiding av oppgåver til Søk og finn og temaarbeida.

Hovudmålet for Volda ungdomsskule er at skulebiblioteket i større grad enn tidlegare skal vere ein sentral læringsarena i fleire fag enn norsk. Dei har bestemt at det på kvart årssteg skal årleg gjennomførast eit tverrfagleg samarbeid, der biblioteket er læringsarena og IKT er arbeidsverkty.

Tema og hovudinnhald i det tverrfaglege samarbeidet er:

Åttande trinn:
Tema: ‘Astronomi’.
Fag: Samfunnsfag, naturfag.
Fokus på kjeldesøk og kjeldebruk.

Niande trinn:
Tema: ‘På reisefot’.
Fag: Matematikk, samfunnsfag, norsk.
Fokus på matematikk og
bruk av presentasjonsverkty.

Tiande trinn:
Tema: ‘Ung i dag’.
Fag: Norsk, samfunnsfag, RLE.
Fokus på skriving av fagtekst og
tverrfagleg prøve.

Filer:

> Volda ungdomsskule årshjul skulebibliotek (pdf)
> Volda ungdomsskule elevhefte IKT (pdf)
> Volda ungdomsskule spørjeskjema til elevane (pdf)
> Volda ungdomsskule ‘Søk og finn’ introduksjon (pdf)
> Volda ungdomsskule Søk og finn 8. årssteg (pdf)
> Volda ungdomsskule temaarbeid 8. årssteg (pdf)
> Volda ungdomsskule elevarbeid 8. årssteg (pdf)
> Volda ungdomsskule temaarbeid 9. årssteg (pdf)
> Volda ungdomsskule temaarbeid 10. årssteg (pdf)
> Volda ungdomsskule stiloppgåver sidemål 10. årssteg (pdf)

 

Til toppen