Forside » 8.–10. trinn » Undervisningsopplegg » Andre verdskrigen

Andre verdskrigen

Årstrinn: 8.–10. trinn
Tema/tittel: Andre verdskrigen
Fag: Samfunnsfag, Norsk
Kompetansemål
Samfunnsfag
  • presentere ei historisk hending med utgangspunkt i ulike ideologiar
  • søkje etter og velje ut kjelder, vurdere dei kritisk og vise korleis ulike kjelder kan framstille historia ulikt
Norsk
  • orientere seg i store tekstmengder for å finne relevant informasjon
  • lese kritisk og vurdere teksters troverdighet
  • bruke tekster hentet fra bibliotek, Internett og massemedier på en kritisk måte, drøfte tekstene og referere til benyttede kilder
Planlegging og gjennomføring
Elevane skal verte kjende med viktige hendingar som fann stad under Andre verdskrigen. Dei skal òg skaffe seg oversikt over dei viktigaste ideologiane som kan sjåast i samanheng med krigen. Kjeldevurdering er ein viktig del av prosjektet. Læringsstrategiar som skal inkluderast i opplegget:

  • setje opp tidslinje (opptakten til krigen og krigshendingane)
  • rammenotat (dei ulike ideologiane)
Lærar/skulebibliotekar førebur i fellesskap opplegget, og læraren introduserer temaet fagleg.
  • Elevane arbeider med å finne tydinga av sentrale omgrep ved hjelp av lærebøker, faktabøker og trykte og digitale leksika.
  • Kvar elev skal lage eit rammenotat over ideologiar knytt til emnet og fylle ut ei tidslinje over dei viktigaste hendingane før, under og etter krigen.
  • Skulebibliotekaren går gjennom aktuelle trykte og digitale kjelder, og minner om dei grunnleggande prinsippa for kjeldevurdering.
  • Elevane samarbeider om å gå gjennom kjeldene og drøfter undervegs om dei er relevante og truverdige.
  • Elevane leverer ein fagtekst der dei får fram kva dei har funne ut om hendingsforløp og ideologiar. Innleveringsoppgåva er individuell. Teksten skal ha ei annotert kjeldeliste der elevane kort gjennomgår kvifor dei har valt ut dei kjeldene dei har med, og korleis dei vurderer dei.
Vurdering
Ved sida av dei faglege kompetansemåla skal læringsmål for informasjons-kompetanse etter 8.–10. trinn vere med i vurderinga.
Kjelder og vedlegg
Vedlegg:
Supplerande opplegg/oppgåver:

Til toppen